Timure Khaidi




Her står leiaren for kvinnegruppa i 
det som blir vannforsyninga til landsby
Nepal er eit av verdas fattigaste og minst utvikla land, der over 1⁄3 av befolkninga lever under fattigdomsgrensa på 1 dollar dagen. For dei som lever i fjerntliggande landsbyar er fattigdomen kanskje enno større.
Timure Khaidi er eit utviklingsprosjekt i tre små landsbyar i Himalaya. For å kome til landsbyane tek det 1 dag med buss og 1 dag å gå , frå hovudstaden i Nepal, Katmandu. Lansbyane ligg mellom 2000 og 2300 m.o.h. Hjelpeprosjektet vart starta i 2003, men kom først ordentleg i gang frå 2005. Målet med prosjektet er å gje innbyggarane i desse landsbyane reint vatn, gode sanitære forhold og legge til rette for skulegang. Vidare prøver ein å hjelpe dei i gang med næringsverksemd, slik at dei kan tene sine eigne pengar. Det er også laga sjukestover og barnehage⁄landsbyhus i to av landsbyane.

Norad samarbeid
Prosjektet vart i 2008 godkjent av Norad. Det betyr at Timure Khaidi oppfyller alle kvalitetskrav norske myndigheiter set til bistandsarbeid. Rapportar og framdriftsplanar har vore særs gode og Norad ser at prosjektet har båre frukter sjølv med små midlar Dette har gjort at Norad også godkjende prosjektet for vidare støtte i 2009.




Rapportering
Timure Khaidi rapporterar årleg til Bistand for barn og til Norad om framgangen og status for prosjektet. Adopsjonsforum sin lokalt tilsette medarbeider besøker prosjektet fleire ganger i året.

Den nybygde sjukestova/landsbystova i Khaidi

Vi treng DI hjelp
Vi treng engasjement og hjelp for å lykkast med denne oppgåva. Vi treng DI hjelp til å ta i eit tak slik at det arbeidet som er gjort hittil kan bære frukter i framtida.

Donasjoner kan settast inn på konto nr. 3705 05 10175.

Dersom de ønskjer meir informasjon, kan du kontakte Sissel Brekke på mobil telefon 416 59 866 eller på e–post til nep–02@adopsjonsforum.no






Årsmelding for 2008 for prosjektet finner du her
Årsmelding for 2007 for prosjektet finner du her.
Årsmelding for 2006 for prosjektet finner du her.
Årsmelding for 2005 for prosjektet finner du her.



Comments